Arnfinn Åslund / Peter Fjågesund / m.fl.

Tvisyn, innsyn, utsyn OPEN ACCESS

Nærblikk på A.O. Vinje
Tvisyn innsyn utsyn open access

Pris: 0,-

Kjøp
  • info
  • ISBN 9788230403136
  • Innb./medieformat:PDF
  • Status:Open access
    • Utgivelsesår2021
    • Språk:Nynorsk
    • Forlag:Scandinavian Academic Press
    expand_more

«No seer eg atter slike Fjøll og Dalar, / som deim eg i min fyrste Ungdom saag». Med slike linjer har Vinje skapa seg ein plass i norsk litteraturhistorie og i hjarta til dei mange som har sett pris på ordkunsten hans. Diktet som blir innleia med desse linjene, er mellom dei mange tekstane som blir undersøkte i denne boka.


Aasmund Olavsson Vinje levde frå 1818 til 1870. Han blei fødd i Vinje i Telemark, men levde det meste av livet sitt i hovudstaden der han etablerte seg som diktar, journalist og redaktør. Etter kvart blei han ein pionér for det nynorske skriftspråket og synte publikum korleis dette kunne nyttast i diskusjonar og skildringar av alle slag, og med sine lyriske dikt kunne han røre lesarane sine på ein måte som få andre norske forfattarar har evna.


Denne boka er basert på ein stor konferanse i 2018 ved Universitetet i Søraust-Noreg – Bø som samla ei lang rekke forskarar med det for auge å kaste nytt lys over Vinje. Dei 24 kapitla utforskar Vinjes liv og forfattarskap slik at lesarane kjem tett på dei spørsmåla han var oppteken av, og dei skrivemåtane han utvikla. Til saman formidlar tek- stane noko av det tvisynet, innsynet og utsynet som ein finn i Vinjes eigne skrifter.

Arnfinn Åslund er førsteamanuensis i norsk litteratur, Universitetet i Sørøst-Norge.
Les mer om forfatteren

Peter Fjågesund er Professor i britisk litteratur og kul- turkunnskap ved Universitetet i Søraust-Noreg i Bø.
Les mer om forfatteren

Kristian Hanto er fyrstelektor ved Universitetet i Sør- aust-Noreg.
Les mer om forfatteren

Sveinung Nordstoga er dosent i norskdidaktikk ved Institutt for språk og litteratur ved Universitetet i Søraust-Noreg.
Les mer om forfatteren

Johan M. Staxrud er stipendiat ved ph.d.-programmet i kulturstudier ved Universitetet i Sørøst-Norge.
Les mer om forfatteren