Sigrid Aksnes Stykket

Ho sette seg sjov te styre

Kvinneframstilling i balladar gjennom tid og rom
Ho sette seg sjov te styre

Pris: 399,-

  • info
  • ISBN 9788230402832
  • Innb./medieformat:Heftet med klaffer
  • Status:I salg
    • Utgivelsesår2020
    • Vekt0.37
    • Språk:Bokmål
    • Forlag:Scandinavian Academic Press
    • Bokgruppe:22
    • Originaltittel:Ho sette seg sjov te styre
    expand_more

Kvifor og korleis har ulike variantar av balladar utvikla seg til eit slikt mangfald av variasjonar over tid og rom som dei har i ulike nordiske miljø? Kva seier måten dei framstiller kvinna om det miljøet dei sprang ut frå?


Variantane kan vere skrivne ned med fleire hundre års mellomrom, av unge adelsmenn og ikkje minst adelskvinner i Danmark på 1500-1600-talet, av prestar på Island på 1600-talet, av folkeminnesamlarar i alle dei nordiske landa på 1800-talet. Dei balladane vi har i dag, kjem til oss som eit mangstemt kor, der vi i alle fall delvis kan skilje mellom stemmene til den opphavlege diktaren og stemmene til tradisjonsberarane som har sunge gjennom hundreåra. Såleis har den munnleg overførte balladen tatt opp i seg trekk frå ulike tider. Der tradisjonsstoffet har gjeve gjenklang i miljøet, har truleg også drag frå gamal, opphavleg ideologi blitt ståande.


Sigrid Aksnes Stykket er høgskolelektor og har undervist i norsk språk, litteratur og folkedikting ved Høgskolen i Telemark, nå del av Universitetet i Søraust-Noreg.
Les mer om forfatteren